Warning: date() [function.date]: It is not safe to rely on the system's timezone settings. You are *required* to use the date.timezone setting or the date_default_timezone_set() function. In case you used any of those methods and you are still getting this warning, you most likely misspelled the timezone identifier. We selected 'Europe/Berlin' for 'CEST/2.0/DST' instead in /var/www/vhosts/105719.webspace.stwcp.net/honndalshytta.no/pub/cms.php on line 122

Warning: date() [function.date]: It is not safe to rely on the system's timezone settings. You are *required* to use the date.timezone setting or the date_default_timezone_set() function. In case you used any of those methods and you are still getting this warning, you most likely misspelled the timezone identifier. We selected 'Europe/Berlin' for 'CEST/2.0/DST' instead in /var/www/vhosts/105719.webspace.stwcp.net/honndalshytta.no/pub/cms.php on line 182
Prosjekt/Prospekt for sal | Honndalshytta AS

Prosjekt/Prospekt for sal


Honndalshytta har no ferdigstilt ei klassisk oppstu-hytte på tomt 138 i Bøanedsetra Hyttegrend. Hytta er på 123 kvm bruksareal, inkl skiboda. Det er ei innholdsrik og praktisk hytte med 4 soverom og 2 stover. Beliggenheita er perfekt for dei som er interessert i ski-inn/ski-ut-kvalitetar. Den ligg berre 50 m frå hovedtraseen til Stryn Skisenter.

Prisen er 3 990 000,-







Innflyttingsklar hytte på tomt 10 i Harevadet Hyttegrend i Hornindal (Prospekt)

Honndalshytta har bygd ei hytte for Hornindal Eigedom AS på tomt 10 i Harevadet Hyttegrend ved Hornindal Skisenter i Hornindal. Denne hytta er no innflyttingsklar og klar for sal. Prisen på denne er kr 2 990 000,-.

Hytta har en hovedetage på 74 kvm bruksareal som inneheld ei stor stove med et godt kjøkken. Der er et godt bad, et stort og et litt mindre soverom og ei god bod. Der er stor terrasse og et veldig godt takutstikk. Som kjent er uterommet kanskje det viktigaste rommet på ei hytte. Der er en veldig romslig hems som er delt i en gang og et stort rom. Dette har for lav takhøgde til å vere måleverdig men er godt brukbart både som soverom og loftstove.

Hytta er bygd i 6" maskinlafta tømmer av Honndalshytta sine lokale og dyktige handverkarar. Kvaliteten er sett i høgsetet og om det er spørsmål held vi til i "nabolaget".

Harevadet Hyttegrend er det nye høgstandard hyttefeltet ved Hornindal Skisenter. Hornindal Skisenter opna et nytt skitrekk for 2 år sidan og har fått veldig gode tilbakemeldingar på løypene sine. Det er også det mest snøsikre skianlegget i vår region. Der er også kilometervis med oppkjøyrde turløyper og fjelltoppane rundt er også flotte turmål både sommar og vinter.

Hornindal Sentrum (Grodås eller "Sanden") ligg 5-10 min biltur vekke. Her er 2 matvarebutikkar og nokre andre butikkar, slik at de får kjøpt alt de treng i det daglige. Ellers er litt større handlesentrum som Stryn, Volda og Nordfjordeid 20-30 minutts biltur i frå.

Harevadet Hyttegrend og Hornindal som hyttedestinasjon framstår som et rolig og fredelig område. Det er litt lenger mellom hyttene og trafikken er mindre enn i mange andre av hytteområda rundt oss.

Ta kontakt med Honndalshytta for meir informasjon om hytta, eller for å avtale visning.